mandag 8. mars 2010

Olympiske Leker

At nordmenn er født med ski på beina er eit utsegn ein kan forstå opphavet til når ein ser på OL-sendingane. Med 303 medaljar er Noreg det landet i verda som har flest vinter- OL-medaljar gjennom tida. Også i årets OL har Noreg utmerka seg med ein fjerdeplass på medaljestatistikken. Utalsmenn frå andre land har utalt seg om den store prestasjonen dei meiner det er at Noreg gjer det så godt internasjonalt med tanke på kor mange innbyggarar vi er i Noreg.

Om eg skal velje ein norsk favoritt etter OL 2010, må eg velje Marit Bjørgen. At eg vel ho som min favoritt er ikkje bare på grunn av at ho er ein svært flink idrettsutøvar, men også fordi ho har ein god holdning til sporten og sine motstandarar. Etter at ho tapte 3 mila i Vancouver med knapt ein meter, falt ho ikkje om som vinnaren Justyna Kowalczyk, men ho gjekk bort for å gratulere Kowalczyk med gullet. Av norske idrettsutøvarar er ikkje Marit Bjørgen aleine om å være ein god tapar, men ho er også ein god vinnar. Ho seier alltid at ho var i god form etter ein seiar, men ho seier også at motstandarane er gode og gir ho ein god utfordring. Derfor kårar eg Marit Bjørgen til årets OL-utøvar.

Ingen kommentarer: