mandag 8. februar 2010

Sjangerval

Sjå teksten på bokmål

I andre termin av tredjeklasse har vi fått beskjed om å velje to genrar som vi skal spesialisere oss på. Bakgrunnen til dette er at vi ikkje skal behøve å ha oversyn over så mange genrar. På denne måten får vi betre tid til å øve på dei genrane vi kjem til å velje ved seinare anledningar, og vi vil ikkje bruke uturvande mykje tid på å øve på dei vi ikkje kjem til å velje. Eg meine dette er ein svært god løysning og trur at det kan heve nivået på tekstane våre etter at me har øvd meir på valte genrar.

Dei genrane eg kjem til å velje trur eg vil bli artikkel og novelle. Årsaka til dette valet er at tekstar eg har skrive i desse genrane har fått god tilbakemelding. Eg meine at eg har meir kompetanse til å skrive gode tekstar i desse genrane enn i andre genrar. Sjølv om eg er svært komfortabel med desse genrane, gler eg meg til å få meir informasjon om kva eg må tenkje på når eg skriv for å skrive ein god tekst i valte genrar.

Ingen kommentarer: